Innhaldsrik Trygve Bjerkrheim-markering på Løken
Søndag 22. september vart diktaren og songforfatteren Trygve Bjerkrheim minna og feira med kunst, kultur og konsert på Løken i Høland.
Det er i år 100 år sidan familien til Trygve Bjerkrheim flytte fra Vestlandet til Austlandet og busatte seg på Løken i Høland. For å halde Trygve Bjerkrheim og songane og dikta hans levande, vart dagen fylt med kunst og kultur - og avslutta med konsert i Løken kyrkje. Det var god oppslutning om arrangementet heile dagen.
Det starta med at kunstnarane Jørgen Dukan, Eli Møller og Marit Evenhus hadde salsutstilling av eigne bilete. På ei samling seinare på dagen, kåserte Erik Kjebekk om familien Bjerkrheim og flyttinga til Austlandet.
Deretter vart det halde ei minnestund ved TB-bautaen på Løken gamle kirkegård, med song, dikt og ein kort tale om TB. Kåre Ekroll, formann i TBV, la også ned blomar ved bautaen. Dagen vart så avslutta med ein konsert i kyrkja, der ei rekkje songarar deltok med kjende og mindre kjende TB-songar.
Følgjande tok del under TB-dagen: Sigrid Karine Belt – song, Dagfinn Brennsæter – musikk, gruppa Quartz – song, Jørn Martinsen – song, Inger Holter – dikt, Ingrid Helene Johansen – song og dikt, Spydeberg-gruppa Lisa Helen Egeland-Berg, May Sofie Fagermoen Wisløff, Oddgeir Berg og Karl-Joakim Wisløff – song og musikk, Erik Kjebekk – kåseri, Gunnar Øvstegård – kveldstankar, Solveig og Gunnar Bjørkevold - matservering og Kåre Ekroll – introduksjon.
Foto frå TB-dagen: Henry Vestreng