Månedens dikt

Han går foran hele veien

Herren selv går foran 
hele veien.
Hver dag som demrer, 
kan du minnes det.
I bratte bakker,
og på solskinns-sletter,
i storm og stille 
vil han være med.

Herren selv går foran 
hele veien,
sitt folk han fører 
til det gode land.
Den Herre Jesus 
lovet sine venner
gå med hver dag, 
og aldri svikter han.

Herren selv går foran 
hele veien.
Han verner og velsigner, 
stund for stund.
Så skal vår livsferd lykkes, 
vi når målet.
Og vi vil prise ham 
av hjertens grunn.

Trygve Bjerkrheim 1979 

Nyhetsbildegallerier

Aktuelt

torsdag
mar162017

tirsdag
jan312017

Avduking av minnesteinen


Søndag 30. oktober 2016 blei det avduka ein minnestein over diktaren Trygve Bjerkrheim (TB) i Bjerkreim i Rogaland. Det var i Bjerkreim Trygve blei født i 1904, og det var her han fekk sine første barneår, før heile familien flytta til Høland på Romerike i 1913. Minnesteinen er reist av foreininga Trygve Bjerkrheims venner (TBV), og er plassert på 1000-årsplassen like ved TBs første barndomsheim. I tilknytning til barndomsheimen er det og etablert ei ”minnestove”, der det er samla ein god del minne etter TB. Steinen har fått eit vakkert TB-relieff av
kunstnaren Pamela Cranner, medan to kjente TB-songar – ”Det er nok det som Jesus gjorde” og ”Det er makt i de foldede hender” er siterte på ei minneplate.
Rundt avdukinga var det lagt opp til eit omfattande program, der ei lang rekkje deltakarar framførde litt av den mangfaldige song- og diktskatten som TB etterlet seg. Sjølve avdukinga var det Kåre Ekroll, leiar av TBV, og Johan Bjerkreim, som og har reist TB-minnestova, som stod for. Festsøndagen enda opp med ein konsert i ei fullsett Bjerkreim kyrkje, der sluttsongen tona sterkt – ”Takk at du tok mine
byrder”!
For flere bilder, trykk her

 

søndag
sep252016

Bibel og song på Lyngmo Ungdomssenter, Hafslo, Luster i Sogn, 21. – 23. oktober

Bli med til vakre Lyngmo og bli kjend med Trygve Bjerkrheim (TB) og songane hans! Mykje song og musikk heile helga.

For dei som ønskjer overnatting, ta kontakt med Lyngmo – tlf. 57 68 43 66, e-post: lyngmo@lyngmoinfo.com Kr. 1400,- for full pakke.

Dei som blir med: Jan Ingar Nordheim, Jan Ove Selseng, Leif Arne Nordheim, koret Dalklang, Birte Husum, Olav Rygg, Mari og Kåre Ekroll m.fl.

 Program på Lyngmo:

 Fredag:

 Kl.18.00: Kvelds

 Fredag kl. 20.00: Laust og fast om TB.

 Song og musikk. Kveldsbøn. Ved Mari og Kåre Ekroll.

 Laurdag:

 Kl. 10.30: Bibeltime v/ Kåre Ekroll

 Kl. 12.00: Ut på tur…

 Kl. 15.30: Kaffe

 Kl. 16.00: Slik eg møtte han/TB. Kåre Ekroll kåserer. song

 Kl. 18.00: Festmiddag

 Kl. 19.30: Konsert – TB og songane hans

 

 Søndag:

 Kl. 11.00: Gudstenesta i Stedje kyrkje, Sogndal. Songarar deltek

 

 Arr.: Lyngmo Ungdomssenter og Trygve Bjerkrheims venner – www.bjerkrheim.no