Månedens dikt

Han går foran hele veien

Herren selv går foran 
hele veien.
Hver dag som demrer, 
kan du minnes det.
I bratte bakker,
og på solskinns-sletter,
i storm og stille 
vil han være med.

Herren selv går foran 
hele veien,
sitt folk han fører 
til det gode land.
Den Herre Jesus 
lovet sine venner
gå med hver dag, 
og aldri svikter han.

Herren selv går foran 
hele veien.
Han verner og velsigner, 
stund for stund.
Så skal vår livsferd lykkes, 
vi når målet.
Og vi vil prise ham 
av hjertens grunn.

Trygve Bjerkrheim 1979 

Nyhetsbildegallerier

Aktuelt

onsdag
sep072011

Trygve Bjerkrheim-dag i Bjerkreim

Søndag 25. september er det lagt opp eit allsidig program for å minnast Bjerkreim sin store diktar, Trygve Bjerkrheim. Det begynner med kaffi, kåseri og song på bedehuset,  deretter besøk i Bjerkrheim-stova – før dagen endar opp med TB-konsert i Bjerkreim kyrkje.

Trygve Bjerkrheim er kjend som ein av dei mest produktive kristne song-forfattarane i landet. Nærare 1000 TB-songar er no tonesette, og stadig nye kjem til. Foreninga ”Trygve Bjerkrheims venner”, som saman med lokale krefter, står bak arrangementet, arbeider for å gjere meir av TB sitt forfattarskap kjent – også for ein ny generasjon. 

Kl 16.00 vil historikaren Erik Kjebekk kåsere om Trygve Bjerkrheim og heimbygda. Ei lett blanding av unge og eldre songarar og musikarar vil delta under konserten i Bjerkreim kyrkje kl. 19.30. Blant deltakarane finn vi organistane Tim Rishton og Gethin Davies-Jones, Bjerkreim syngjande kameratar, Monika Eikeland, Magnar Edland og Bjerkreim togongskor. 

Kåre Ekroll, formann i Trygve Bjerkrheims venner, vil leie og binde arrangementet saman. Han vonar mange vil finne vegen til Bjerkreim denne søndagen. Tilreisande får kaffi og kaker på bedehuset, og Johan Bjerkreim opnar Trygve Bjerkrheim-stova og orienterer om forfattaren frå bygda.


onsdag
sep072011

Bruk av TBV arkivsamling

Styret i TBV har annonsert at de gjerne ser at arkivsamlingen etter Trygve Bjerkrheim blir mer brukt, og vil vurdere om en skal gi økonomisk støtte til arbeid som er med og løfter fram den rike litterære arven etter Bjerkrheim. Det kan være for studenter som skal skrive oppgaver eller for andre som er interessert i å fordype seg i et tema innen Trygve Bjerkrheims liv og forfatterskap.

Kontakt Erik Kjebekk (tlf. 465 40 035) i NLM sitt historiske arkiv, Fjellhaug Skoler.

lørdag
apr232011

Vakker salmejazz i Nain

Fra hjemmesidene til Vossajazz:

Foto: Sigvor Mala

Bjerkrheim-jazz vart ei vakker oppleving for dei mange oppmøtte i Nain på sundag. Dei sterke tekstane til Trygve Bjerkrheim vart framhevd av Ole Arne Steinkopf sine jazza melodiar og arrangement. Frøydis Grorud (saksofon/fløyte) og resten av bandet sørga for eit stødig svingande komp og nydelege soloar, mens Ole Strøm og Marilen Jørgensen Våge overbeviste med vakker og engasjerande vokal. Då det veldige koret (som var både geografisk og aldersmessig mangslungent) stemma i for fullt var det ikkje langt frå at taket letta frå det åttekanta gudshuset og gav Herren sjølv fritt innsyn til lovprisinga.

Foto: Sigvor MalaFoto: Sigvor Mala