Månedens dikt

Han går foran hele veien

Herren selv går foran 
hele veien.
Hver dag som demrer, 
kan du minnes det.
I bratte bakker,
og på solskinns-sletter,
i storm og stille 
vil han være med.

Herren selv går foran 
hele veien,
sitt folk han fører 
til det gode land.
Den Herre Jesus 
lovet sine venner
gå med hver dag, 
og aldri svikter han.

Herren selv går foran 
hele veien.
Han verner og velsigner, 
stund for stund.
Så skal vår livsferd lykkes, 
vi når målet.
Og vi vil prise ham 
av hjertens grunn.

Trygve Bjerkrheim 1979 

Nyhetsbildegallerier
onsdag
sep072011

Trygve Bjerkrheim-dag i Bjerkreim

Søndag 25. september er det lagt opp eit allsidig program for å minnast Bjerkreim sin store diktar, Trygve Bjerkrheim. Det begynner med kaffi, kåseri og song på bedehuset,  deretter besøk i Bjerkrheim-stova – før dagen endar opp med TB-konsert i Bjerkreim kyrkje.

Trygve Bjerkrheim er kjend som ein av dei mest produktive kristne song-forfattarane i landet. Nærare 1000 TB-songar er no tonesette, og stadig nye kjem til. Foreninga ”Trygve Bjerkrheims venner”, som saman med lokale krefter, står bak arrangementet, arbeider for å gjere meir av TB sitt forfattarskap kjent – også for ein ny generasjon. 

Kl 16.00 vil historikaren Erik Kjebekk kåsere om Trygve Bjerkrheim og heimbygda. Ei lett blanding av unge og eldre songarar og musikarar vil delta under konserten i Bjerkreim kyrkje kl. 19.30. Blant deltakarane finn vi organistane Tim Rishton og Gethin Davies-Jones, Bjerkreim syngjande kameratar, Monika Eikeland, Magnar Edland og Bjerkreim togongskor. 

Kåre Ekroll, formann i Trygve Bjerkrheims venner, vil leie og binde arrangementet saman. Han vonar mange vil finne vegen til Bjerkreim denne søndagen. Tilreisande får kaffi og kaker på bedehuset, og Johan Bjerkreim opnar Trygve Bjerkrheim-stova og orienterer om forfattaren frå bygda.