CD med BjerkrheimJazz på Vossajazz 2011

Våren 2011 var fleire korsongarar frå Voss, Vaksdal og Samnanger med på eit prosjekt kalla BjerkrheimJazz. BjerkrheimJazz er musikk komponert og arrangert av kantor i Vaksdal, Olav Arne Steinkopf, til tekstar av Trygve Bjerkrheim. Det heile starta med konsert i Misjonssalen i Oslo 14. februar 2010 og fortsatte med konsertturné i Rogaland våren 2011 med konsertar i Hana kyrkje, Nærbø kyrkje, Stavanger frikirke og Skåre kulturkirke; og enda opp med to konsertar på Vossajazzen søndag 17. april 2011.
I samband med desse to konsertane i ”Nain” på Voss vart det gjort opptak, og no er cd-en klar. Notane til dette verket har kome ut på Cantando musikkforlag. På cd-en medverkar 70 korsongarar frå VOK (Voss og omland kantori), Korall, prosjektkor frå Samnanger, og Kilden.
Musikarar og solistar er: Frøydis Grorud - Saksofon/fløyte (kjend frå "Beat for Beat"), Jan Olav Renvåg - kontrabass, Jan Inge Nilsen - trommer, Olav Arne Steinkopf - tangentar, Ole Strøm – song og Marilen Jørgensen Vågen – song. Dirigent er Tone Synnøve Øygard Steinkopf.
Cd-en er for sal i nettbutikken til Cantando musikkforlag og ulike utsalsstader på Voss, Vaksdal og i Samnanger. Det skal òg vere mogleg å få tak i cd-en på Fjellhaug skoler ved å kontakte Irene Strøm. Du kan òg evt sende ein epost til Olav Arne Steinkopf: olav.steinkopf@gmail.com. Då kan du få tilsendt cd med faktura på kr 175,- som dekker cd kr 150,- + porto og embalasje.