Komponisten, organisten og pianisten Mons Leidvin Takle er nyleg tildelt Trygve Bjerkrheims ærespris. Takle fekk prisen først og fremst for det store arbeidet han gjort for å setje musikk til Trygve Bjerkrheim sine tekstar. Som utøvande musikar har Takle også sterkt medverka til at så mange Bjerkrheim-tekstar i dag er kjende og kjære – og blir brukte, i store deler av landet.
Trygve Bjerkrheims ærespris til komponisten Mons Leidvin Takle. - Du fortener så absolutt denne æresprisen! sa Kåre Ekroll (t.h.), formann i Trygve Bjerkrheims Venner. Foto: Leif Hjelleset
Bjerkrheim brukte sjølv uttrykket – ”å gi tekstane vengjer” – om melodiane. I denne samanhengen sette han svært stor pris på det gode samarbeidet han hadde med Takle og dei mange velutvikla ”vengjepar” som Takle sette på dikta hans.
Ingunn Bjorland, sekretær i TBV., overrekte roser til Takle. Foto: Leif Hjelleset Takle er også sett tone til flere av Bjerkrheim sine kantater – Den store stjerna, Den store kongen, Jul på jord og Ein evig påskedag.
Trygve Bjerkrheims ærespris vart oppretta av styret i foreininga Trygve Bjerkrheims venner (TBV) våren 2011. Hausten 2011 fekk lyrikaren Haldis Reigstad prisen.
-Takle er ein komponistar som har gjort Bjerkrheim- songar kjende og kjære rundt om i landet. Og særleg vil vi framheve korleis Takle gjennom musikken greier å understreke innhaldet og gjere tekstane tydelege og ”synlege” – og gode og glade å synge – så og seie for alt folket, uttala m. a. Kåre Ekroll, formannen i TBV, ved overrekkinga av prisen.
Representantar for TBV overrekkjer Trygve Bjerkrheims ærespris til Takle i Kristiansand 19. oktober 2012. Fra venstre: Leif Hjelleset, Ingunn Bjorland, Mons Leidvin Takle og Kåre Ekroll.-Du fortener så absolutt denne æresprisen. Vi er visse på at Bjerkrheim sjølv også ville ha vorte ”overlag glad og takksam” for den heider som vi med denne prisen viser deg.
Og Ekroll la til: - Denne prisen er så absolutt meint som takk for det du har formidla så langt. Hjarteleg takk for alle ”TB-melodiane” og andre melodiar til kristne songar frå di hand! Og kunne denne prisen inspirere deg til å ”setje” vengjer på fleire TB-tekstar, så er det enno mange å ta av.
Prisen er eit silketrykk/bilete av kunstnaren Eli Møller.