Velkommen til avdukingsfest!

Avduking av bauta til minne om Trygve Bjerkrheim
Det vil bli avduka ein minnestein over diktaren Trygve Bjerkrheim (TB) i den første heimbygda hans, Bjerkreim i Rogaland, søndag 30. oktober i haust.
I høve avdukinga er det lagt opp til eit omfattande program, som etter planen begynner med presentasjon av TB – i form av song og kåseri, på Bjerkreim bedehus kl. 14.00.
Det vil bli høve til å kjøpe mat, før ein samlast omkring minnesteinen for avduking. Vi avsluttar med ein TB-konsert i Bjerkreim kyrkje kl. 17.30. TB var ein unik formidlar av kristen kultur, og særleg er han kjend for dei mange dikta og songane som i dag blir brukte rundt om i kyrkjer og bedehus.
Det er foreininga Trygve Bjerkrheims venner (TBV) – med om lag 900 medlemmer, som og har teke initiativ til oppføring av minnesteinen.
-På denne dagen ønskjer vi å teikne eit allsidig og friskt portrett av kva Trygve Bjerkrheim stod for, og ei rekkje ulike artistar, songarar og musikarar vil framføre eit breitt utval av songane hans, uttalar Kåre Ekroll, formann i TBV, som håper på at mange vil ta turen til Bjerkreim denne søndagen.
- Hjarteleg velkomne til ein allsidig avdukingsfest! seier Kåre Ekroll.