Rapport frå Generalforsamlinga til Misjonssambandet

Her ser vi ein godt nøgd Theodor som har fått premien sin!Under generalforsamlinga til NLM 2015 i Randaberg, var Trygve Bjerkrheims Venner til stades med sin eigen stand for første gong i foreininga si historie.
Det var flott å sjå interessa for TBV-standen. Vi fekk treffe både unge og vaksne i alle aldrar. Dei stakk innom for å delta på quizen vi hadde - og sjå kva dei visste om Trygve Bjerkrheim, for å høyre om arbeidet som TBV driv, og for å slå av ein prat over ein god twist.
Den heldige vinnaren av quizen vart Theodor Haugland frå Rogaland!
Vi takkar for ei flott generalforsamling og ønskjer hjarteleg velkomen til alle nye TB-venner som meldte seg inn under generalforsamlinga!