Månedens dikt

Han går foran hele veien

Herren selv går foran 
hele veien.
Hver dag som demrer, 
kan du minnes det.
I bratte bakker,
og på solskinns-sletter,
i storm og stille 
vil han være med.

Herren selv går foran 
hele veien,
sitt folk han fører 
til det gode land.
Den Herre Jesus 
lovet sine venner
gå med hver dag, 
og aldri svikter han.

Herren selv går foran 
hele veien.
Han verner og velsigner, 
stund for stund.
Så skal vår livsferd lykkes, 
vi når målet.
Og vi vil prise ham 
av hjertens grunn.

Trygve Bjerkrheim 1979 

Nyhetsbildegallerier

Aktuelt

mandag
nov232015

Om Kristuskvadet

Trygve Bjerkrheim (TB) sitt storfelte verk «Kristuskvadet» kom ut på Gry forlag i 1976. Men grunnlaget vart lagt elleve år før, seint på hausten 1965. Nærare bestemt den 5. november, altså for femti år sidan. Og det skjedde ikkje korkje i Bjerkreim, eller i Høland, eller i Oslo, men i Osaka.

Verket er ei poetisk attforteljing av dei fire evangelia, der det aller meste har fått enderim. Boka på nesten 300 sider, er illustrert av TB sin venn og medarbeidar gjennom fleire tiår, Trygve M. Davidsen. 

TB hadde tidlegare skrive liknande verk både om profeten Elia og om kong David. Men diktaren fortel at han ikkje bar på tankar om å skriva om alle evangelia på denne måten. Ikkje før noko skjedde den 5. november 1965. 

Han og fru Thea var i Japan nesten eit år frå sommaren 1965 til våren -66. TB hadde gode vener og stor kjærleik til misjonsarbeidet i Japan, og hadde no sjølv gleda av å vera gjest i «Solrenningslandet». Det var ei stor glede for dei begge at også Thea var med. Men så skjedde det at venen deira, kyrkjeleiaren Kenzo Aibara, av alle ting ba dei med ut på kino! Eg er viss på at både Thea og Trygve var glade for at dette skjedde i Osaka, og ikkje i Oslo!  

Men no var det ikkje kva som helst dei skulle sjå, men nemleg den nye filmen om Jesu liv – «The greatest story ever told». Max von Südow hadde tittelrollen som Jesus Messias, og Thea og Trygve sat som fjetra. –På denne måten fekk titusentals japanarar for første gongen eit visst kjennskap til kristendommen. Filmen gjekk for fulle hus heile vinteren, laurdagar og sundagar, to gonger kvar dag, skriv TB. Scenar som oppvekkinga av Lasarus, himmelfarten og mange fleire var levande skildra. 

Det var då tanken kom: Enn om eg kunne freista å skildra Jesu liv på same måten, eller rettare; på min måte? Liknande det eg hadde gjort med Elia og David? Eg vil i alle fall gjera ein freistnad, tenkte han. Og alt på toget tilbake til Kobe, der Aibara budde, kom dei første linjene. 

TB tenkte ikkje då over kor stort lerret han hadde å bleika! Det gjekk meir og meir opp for han etter kvart: Kan dette føra fram? Han skreiv litt i periodar, la det frå seg att, og var stundom i tvil om det kunne gjevast ut. 

Men etter elleve år kjende han seg ferdig og boka kom ut. Det er ei bok i stort format, med permen i grønt; slik det høvde for TB som elska denne fargen. 

Og så er det ikkje lite kosteleg å tenkja på kvar og korleis ideen til boka vart til! 

 

Paul Odland

fredag
sep182015

Rapport frå Generalforsamlinga til Misjonssambandet

Her ser vi ein godt nøgd Theodor som har fått premien sin!Under generalforsamlinga til NLM 2015 i Randaberg, var Trygve Bjerkrheims Venner til stades med sin eigen stand for første gong i foreininga si historie.

Det var flott å sjå interessa for TBV-standen. Vi fekk treffe både unge og vaksne i alle aldrar. Dei stakk innom for å delta på quizen vi hadde - og sjå kva dei visste om Trygve Bjerkrheim, for å høyre om arbeidet som TBV driv, og for å slå av ein prat over ein god twist.

Den heldige vinnaren av quizen vart Theodor Haugland frå Rogaland!

Vi takkar for ei flott generalforsamling og ønskjer hjarteleg velkomen til alle nye TB-venner som meldte seg inn under generalforsamlinga!

mandag
sep142015

Bjerkrheim-konserter i Sunnfjord og Sogn

29. september til 1. oktober er det klart for konserter i Askvoll, Balestrand og Kaupanger. Det blir sang ved Marianne Juvik Sæbø (bildet), og Kåre Ekroll vil fortelle fra Bjerkrheims liv og forfatterskap.

 

Programmet blir som følger:

29. september 19:00, Askvoll kirke - med Marianne Juvik Sæbø, Kåre Ekroll, Olset Mannskvartett, KorImpro og Anton Proskurnin

30. september 19:30, Kaupanger bedehus - med Marianne Juvik Sæbø, Kåre Ekroll, Dalatrioen og Bjarne Alme

1. oktober 20:00, Kvikne hotell (Kviknesalen) - med Marianne Juvik Sæbø, Kåre Ekroll, Jorunn Alme Høines og Sygna-elever