Årsmøte laurdag 26. april 2014 på Fjellhaug Skoler, Oslo
OPNINGSMØTE
Vel tretti personar hadde møtt opp til årsmøtet denne gongen. Formannen Kåre Ekroll ønskte velkommen og leia møtet. Paul Odland delte opningsord med oss før Torfinn Hovda heldt minneord over Henry Vestreng, vår forretningsførar som døydde 18. mars i år.
Så vart ord og tonar gitt til songaren Gunstein Draugedalen og pianisten Olav Brennsæter, der Draugedalen kåserte om ”Opplevingar i møte med Trygve Bjerkrheim og songane hans”. Draugedalen, som ved ein konsert i Olberg kyrkje kvelden før hadde blitt tildelt Trygve Bjerkrheims ærespris, hadde mange interessante og til dels humoristiske poeng i si framstilling av samarbeidet med Trygve Bjerkrheim. Ikkje minst positivt var det å høyra han framføra fleire av sine eigne tonar til Trygve Bjerkrheim sine tekstar. Draugedalen takka audmjukt og stolt for prisen han hadde fått. Han seier seg som den heldigaste av dei ca. 100 komponistane som har tonesett tekstar av Trygve Bjerkrheim.
I pausen før årsmøtet vart det servert middag, kaker og kaffe.
ÅRSMØTET
1. Godkjenning av innkalling
Møteinnkallinga vart godkjend.
2. Konstituering – val av dirigent, referent og to til å skrive under årsmøteprotokollen
Dirigent: Formann Kåre Ekroll vart vald.
Referent: Sekretær Ingunn Bjorland vart vald.
Åge Nevland og Inger Holter vart valde til å skriva under årsmøteprotokollen.
3. Årsmelding
Årsmeldinga vart lesen av Ingunn Bjorland og godkjend utan merknader utover ros til styret og formann for vel utført arbeid.
4. Rekneskaps- og revisjonsberetning
Anne Grethe Kviserud gjorde kort greie for rekneskapet, som i det store og heile var ført av no avdøde Henry Vestreng. Rekneskapet viser eit overskot på kr 62 855 for driftsåret 2013.
Rekneskapet, som var revidert av revisor Oddvar Bø, vart godtkjend utan merknader.
5. Val
Valnemnda v/Synnøve Spanne hadde lagt fram forslag til val, og ho leia valet.
Formannsvalet. Kåre Ekroll hadde sagt seg villig til ein ny toårs-periode, og han vart vald ved akklamasjon.
Det skulle så veljast eit nytt styremedlem for eitt år etter Henry Vestreng, som også var forretningsførar for TBV. Sidan ingen i det sitjande styret er aktuelle til å ta på seg oppgåva som forretningsførar, er Anne Grete Kviserud blitt spurd, og ho har sagt ja til vervet. Ho vart vald ved akklamasjon.
Det skulle vidare veljast tre styremedlemmer for to år. Dei som stod på val og hadde sagt ja til gjenval, var Oddvar Rotvik og Ingunn Bjorland. Valnemnda føreslo i tillegg to nye styrekandidatar, Olav Brennsæter og Charlotte Justnæs. Som varamedlemmer føreslo nemnda Ingrid Helene Johansen og den av styrekandidatane som ikkje vart vald inn i styret.
Valet vart utført med dette resultatet:
Ingunn Bjorland 27 stemmer
Olav Brennsæter 25 stemmer
Oddvar Rotvik 22 stemmer
Charlotte Justnæs 22 stemmer
Ved loddtrekning mellom dei to siste vart Oddvar Rotvik vald som styremedlem.
Det nye styret ser då slik ut: Kåre Ekroll, Anne Grethe Kviserud, Ingunn Bjorland, Olav Brennsæter og dei gjenverande i styret - Sigrid Karine Belt og Paul Odland.
Som 1. og 2. varamedlemmer til styret for eitt år vart valde Charlotte Justnæs med 18 stemmer og Ingrid Helene Johansen med 14 stemmer.
Styret foreslo gjenval på Oddvar Bøe som revisor med Juel Østreng som varerevisor, og desse vart valde.
Til valnemnd vart valde Synnøve Spanne, Kåre Eidsvåg og Ingrid Grøvan, etter forslag frå styret.
6. Orientering
Kåre Ekroll orienterte om arbeidet som no er i gang med å få utgitt ei eiga songbok med Trygve Bjerkrheim sine tekstar. Dette er eit arbeid som vil ha høg prioritet framover.
7. Konsertar
I tilknyting til årsmøtet vart det halde konsertar i Olberg kyrkje fredag 25. april og i Øymark kirke laurdag 26. april. Ved begge konsertane medverka Gunstein Draugedalen. Konsertane var godt besøkte, og til saman kom det inn kr. 15.853,- (Olberg kyrkje kr. 8122,-, Øymark kr. 7731,-) i kollekt til TBV desse to kveldane. Det vart også teikna 14 nye TBV-medlemmer i løpet av årsmøtehelga.
Ingunn Bjorland, referent

- 5. Val

Inger Holter (sign) Åge Nevland (sign)